Minneord
Anna Mathilde Hovden
Anna anda fredfullt ut like før kl. 7 fredag morgon 4. juni.
Siste halvåret har det stadig vorte tydelegare at det gjekk mot slutten av eit langt og strevsamt liv - trass i at ho dei siste åra hadde streva seg gjennom dårlege periodar gang etter gang, og vist at ho hadde ein sterk livsvilje og eit uvanleg sterkt hjarte.
Men midt i mai var det klare teikn på at ho denne gongen ikkje makta å få livslysta tilbake. Heldigvis kunne vi næraste vere hjå henne i dei tyngste periodane, og vi håpar og trur det gav litt lindring. I tillegg har personalet ved Seljetunet vore heilt eineståande, og deira gode omsorg for Anna har rørt oss sterkt.
Då det vart heilt klårt at livet var i ferd med å ebbe ut, fekk vi høve til å vere hjå henne heile døgnet. Pleiarane ved Seljetunet gav henne god omsorg heilt til det siste, slik at ho ikkje hadde smerter. Laila og Katrine var hjå henne i det ho anda fredfullt ut.
Anna vart nær 94 år gammal. Sidan tidleg i februar 2011 har ho budd på Seljetunet. Nokre år tidlegare hadde fastlegen konstatert at ho hadde fått Alzheimers, og sjukdommen gjorde det etter kvart vart svært vanskeleg for ektemannen Inge å ha henne heime. Det var nok hans største sorg i livet den dagen Anna måtte forlate heimen i Kjøde.
Inge besøkte kona Anna på Seljetunet to timar kvar søndag så lenge han levde. Sidan han hadde dårleg syn, vart han avhengig av å få nokon til å køyre seg. Den fyrste tida forsøkte han å få kona heim til Kjøde nokre timar på søndagane, men det vart etter kvart vanskeleg sidan ho følte seg tryggast på Seljetunet.
Den 6. november 2016 døydde Inge nær 92 år gammal etter kort tids sjukdom. Tidlegare same dagen tok han og Anna eit rørande farvel.
Nokre år etter at Anna kom på Seljetunet, miste ho taleevna heilt. Vanleg kommunikasjon vart etter kvart umogeleg, men det såg likevel ut til at ho oppfatta det meste av det som vart sagt av daglegdagse ting. Eit lårbeinsbrot gjorde at ho i mange år måtte bruke rullestol. Dette hindra likevel ikkje at vi kunne ta henne med ut i den fine hagen på Seljetunet. Anna var svært glad i blomster og hagearbeid, ho hadde «grøne fingrar» og gleda seg over alt det fine i naturen.
Anna hadde ei kjærleg omsorg for både familien og andre, og var oppteken av at alle hadde det bra. Ho gledde seg til og sette stor pris på besøk, både av familie og naboar. Når barnebarna og oldebarn kom på besøk, var det stor glede i heimen deira - og alle var like kjære.
Anna vart fødd 13. juli 1927, og vaks opp på eit gardsbruk i Sandvika. Sandvika var heilt fram til
1981 ei veglaus bygd på sørsida av Eikefjorden i Sunnfjord. Anna var det sjuande barnet i syskjenflokken på to gutar og fem jenter som foreldra Magda og Mathias Sandvik fekk i perioden 1914 - 1927. Ho fekk i god tradisjon namnet Anna Mathilde etter tanta si, syster til faren. Men det var fyrst i høg alder ho tykte om at ho var døypt Anna Mathilde - dei fleste kjenner henne derfor som Anna.
På den tida var lungebetennelse ein frykta sjukdom som tok mange liv. Våren 1928 vart både farmor Maren og mor Magda smitta, og begge døydde med ei veke mellomrom i slutten av april. Dermed sat far Mathias igjen i stor sorg med sju born i alder frå 9 månader til 13 ½ år. Vårvinna var alt i gang, og dei hadde ein relativt stor buskap i fjøset som skulle både mjølkast og stellast. Dette førte til at Anna fekk vekse opp på nabogarden Reina i Sandvika hjå grandtanta si Anne Kassie etter at mor hennar døydde. Anne Kassie vart til dagleg kalla Ane på Reina, og var syster til mormor Maria. Ho og mannen Andreas var sjølv barnlause, og Anna fekk ein kjærleik og omsorg på Reina som gjorde at ho resten av livet omtalte denne delen av barndommen som ei god tid.
På Reina var Anna til ho nærma seg skulealder, men vegen til heimetunet og dei andre syskjena hadde alltid vore både open og kort. Far Mathias hadde no gifta seg på nytt, slik at det no var både ei stemor og ein ny bror i heimen. Trass i at ho hadde hatt det veldig godt på Reina, var det godt å komme heim og bli ein del av den store syskjenflokken igjen. Men så lenge Ane og Andreas på Reina levde, besøkte ho dei så ofte ho kunne i stor takksemd.
Frå Anna var i 10 års-alder, måtte ho som vanleg var delta i alt gardsarbeid både ute og inne. Ofte vart det lange dagar for ein liten kropp, men dei lærde å dele på oppgåvene og glede seg over det dei fekk til i lag. Her vart nok grunnlaget lagt for den arbeidsgleda og pågangsmotet ho hadde. Om sommaren måtte ho og broren Magnus i all slags vêr, både morgon og kveld, leite opp kyrne som beita i utmarka for å mjølke dei, og bere melka til gards. Det vart sterke kroppar av det.
I konfirmasjonsalderen fekk Anna giktfeber. Dette førte til både ledd- og muskelsmerter og hjartebetennelse. Seinare i livet sleit ho i periodar med revmatisme, og trudde også at ho hadde fått svekka hjarte. Men hjartet viste seg å vere sterkt livet ut.
Giktfeberen førte til at ho måtte utsetje konfirmasjonen eitt år. Med ny konfirmasjonskjole hengande i skapet var det nok sårt for ei 15 års ungjente å måtte utsetje konfirmasjonen. Dette nemnde ho mange gonger som eit stort vonbrot.
I ungdomstida på slutten av krigen fekk Anna arbeid i Florø. Dette snakka ho ofte om - det var nok godt å sleppe dagleg fjøsstell, ha fritid og kunne gå i finare klede. Ho arbeidde både på Hamnekaféen, var hushjelp hjå bokhandlar Økland og arbeidde på radiofabrikken til Olav Sande. Ho var veldig godt likt der ho arbeidde, og gleda seg over gode dei gode skussmåla ho
fekk.
I 1947 møtte ho den kommande ektemaken, Inge Hovden. Inge hadde vakse opp i Hovdevågen på øya Hovden utanfor Florø. Men frå han var 18 år hadde han og resten av familien vore innrullerte marinen som hadde base i Lerwick på Shetland, ei erfaring som var tung å legge bak seg.
Jonsokdag i 1949 gifte dei seg i Florø kyrkje, og feira bryllaup i tre dagar til ende i Sandvika på heimegarden til Anna. Sommaren 1949 busette dei seg så i Kjødepollen, der dei overtok gardsbruket som ein grandonkel (bror til mormor til Inge) hadde drive. Dette var nok ikkje det Anna hadde tenkt seg i utgangspunktet. Ho viste kva slit gardsdrift var. Men Inge hadde stor interesse av gardsdrift etter eitt år som dreng i Lefdal det fyrste krigsåret, og slik vart det flytting til Nordfjord og Kjødepollen i 1949.
Dette førte til at heile familien til Inge med unntak av dei to eldste brødrene hans, også flytta til Kjødepollen. Brødrene til Inge, Arne og Lars, busette seg etter kvart med familiar på tomter utskilt frå garden til Inge, medan systera Ingrid vart gift på Hamre i Selje. Også foreldra til Inge, Jenny og Ole Theodor, kom etter og budde i våningshuset på garden. Det var nok ikkje noka enkel tid for Anna, nygift og på ny gard og med huset fullt av folk.
Etter kvart fekk Anna Mathilde og Inge fire born frå 1950 - 1959; Terje, Laila, Magne og Berit. Det var tronge tider like etter krigen, men med hardt arbeid og i kjærleik bygde Inge og Anna opp ein god heim saman. Ferie var eit ukjent omgrep for mange på den tida, men somme somrar fekk Anna og ungane reise til Sandvika etter slåtten for å treffe besteforeldre og andre slektningar. Dette var noko alle såg fram til.
Heime gav gardsdrift og fiske lite avkastning. Likevel satsa dei på å bygge nytt våningshus med to husvære i 1960, slik at også foreldra til Inge fekk betre husrom.
Det gamle huset vart rive på våren. Utgraving av tomt for hand, muring, blanding av betong, vårvinne, slått og anna gardsdrift gjekk hand i hand med husbygginga utover våren og sommaren. Sjølv om det var uvanleg travelt, og ikkje minst stor gjeld som kunne ta nattesomnen, gledde dei seg slik til å flytte inn i nytt hus at kreftene heldt og dei kunne flytte
inn allereie same hausten.
I 1962 - 63 fekk Inge av og til lossearbeid på Olivin-kaia på Åheim. Dette gav kontantar i handa, og alt byrja sjå lysare ut. Frå om lag 1965 hadde Inge fast skiftarbeid på Olivin.
Dette kunne gå fordi Anna hadde både kunnskap og krefter til å ta hand om det meste på garden. Ungane voks også til og kunne til ei viss grad vere til hjelp. Og Inge arbeidde alle
timane han var vaken. Dei planla og starta oppdyrking av den store myra i Botnen i Kjøde. Tanken var nok at det skulle bli eit fullverdig gardsbruk for dei som skulle ta over.
Etter at dei pensjonerte seg ved årsskiftet 1991/92, måtte Inge ein tur til Feiring-klinikken for å
«blokke ut» ei hovudpulsåre nær hjartet. Han var då i gang med å bygge hus igjen, slik at dei kunne nyte pensjonisttilværet i nytt hus i mange, gode år.
Anna fekk endeleg meir tid til hagearbeid, og la stor flid i dette. Når ho såg at bilane stoppa opp og folk bad om å ta bilde av blomsterbedet ho hadde laga til mot riksvegen, var ho tydeleg stolt.
Anna var bestemt på at alt skulle gjerast fint og ordentlig. Likevel arbeidde ho fort, og kvidde seg ikkje om det var tungt eller vanskeleg. Både i husarbeid og under fjøsstell nynna ho under arbeidet - det var på ein måte med liv og lyst. Heile livet var Anna glad i song og musikk, og ho likte å danse. Når det var bryllaup eller pensjonisttreff, var ho fast på dansegolvet. Etter at ho kom på Seljetunet stod CD-spelaren jamt på, og når Inge kom på besøk, sette dei på musikk slik at dei fekk seg ein dans i daglegstova. Og når oldebarna Charlotte og Madelen song for henne, gav ho alltid uttrykk for at det var sterkt og gjekk rett til hjartet.
Anna var alltid i godt humør. Ho var sosial og likte å vere saman med andre. Sidan syskjena til Inge budde nær og svigerforeldra budde i same hus, var det ofte besøk av både ungar og vaksne. Mang ei kringle og kake vart baka og kaffitår skjenka gjennom åra - familien var viktig.
Av foreiningar var det Saniteten som var gjevast. Mykje handarbeid vart laga til utlodning både på møter og basarar. Spesielt brodering og hekling var populært, og mange etterkommarar har nok liggande hekla borddukar som Anna har laga.
Som pensjonistar fekk dei også høve til å reise både på bilturar og på pensjonistturar. Det dei likevel hugsa best var turane med dei nye hurtigrutene. Fyrst til Kirkenes som feiring av gullbryllaupsdag, seinare ein tur sørover til nord-Frankrike, ein til Irland og England, og ein til østersjøområdet og Petersburg. Desse turane snakka dei mykje om.
Anna og Inge fekk 67 år saman. I trufast samarbeid skapte dei ein god heim for etter- kommarane sine, der alle har vorte møtte med kjærleik og respekt.
Anna levde dei siste 10 ½ åra sine på Seljetunet, noko ho aldri klaga over. For familien har det vore godt å oppleve at ho i alle år har fått godt stell med den verdigheit og respekt som ho fortente.
Ho har vore ei lun, snill, rettvis og god mor, bestemor og oldemor som alltid ville det beste for oss alle, og som var stolt av familien sin. Og vi er stolte av henne.
I stor takksemd lyser vi fred over minnet til Anna Mathilde!
Vis mer
Vis mindre