Kjære Selma og familie
Når du møter eit anna menneske og kan kvile i ein varme.
Når du blir teke imot akkurat som den du er,
med alle dine sider opne.
Når du kjenner deg heime, og blir sterk og trygg og fri.
Då har du funne den venn du skal ta godt vare på. Der du alltid er velkomen, sjølv om du ikkje alltid strekk til.
Dei står ikkje på kvart gatehjørne.
Dei ropar ofte ikkje høgast.
Men dei er ein dyrebar skatt å få ha i livet.
Vi møter av og til menneske som hentar fram det beste i oss.
Menneske som opnar opp for oss og får fram fargane våre.
Som aukar varmen i liva våre. Som ser bak skala våre, slik at vi gløymer at vi har dei og stråler fram i all vår prakt.
Menneske vi ber med oss etterpå med takksemd.
Takk, Selma 💞