Takk for alt min gode nabo og kompis i 69 år,lyser fred over deg.
Tusen takk for alt du representerte i livet mitt og barna mine, vit at en dag vil vi møtes, jeg foretrekker å ha bildet ditt i live gode øyeblikk og tusen takk for at du tar vare på barna mine med kjærlighet, Gud velkommen deg med åpne armer.
Takk for gode pratar, den siste i prestegarden der du fortalde kor godt det var å kunne vere til nytte heime for dei som bur oppe. Kor glad du var for å kunne ha middag klar når dine kom heim ️. Aldri noko ork, berre glede for å kunne gjere noko for dine . Kjem.til å sakne deg i bygdebildet vårt 🥰
John ringde ein kveld. -Kjem du bort ein tur, vert vi eit bra utval av Selje sin godt vaksne ungdom.
Eg kom. Der sat John plitt åleine. Han hadde ringt berre for å få plassert ein replikk han visste eg ville setje pris på.
Han sat helst ute. Termos, kikert og røykpakke på bordet.Med kikerten såg han kva som gikk føre seg på sjøen. Sat han ute, var han pratbar. Kaffi, røyk og folk gjorde dagen god. Der kom skulekameratar, folk han hadde arbeidd i lag med og dei som berre ville slå av ein prat. Eg var no ut på grava, og så såg eg at du sat her.
Det han fekk høyre, det hugsa han. Gode ting kunne han fortelje vidare.
Han visste at han var i livskvelden, men ikkje at natta var så nær. Hadde han fått fram ei siste helsing, hadde han brukt få ord. Kanskje hadde han sagt: -Eg har aldri trakka på nokon med vilje, og mine næraste veit at eg var glad i dei.
Aldri eit vondt ord mellom oss i sytti år. Tomrom. Sakn.
Tusen takk for alle gode minner John.
Kvil i fred
En siste hilsen fra
Malvin Teige m/fam